På gangvegen ned mot fjorden passerer vi koselege hus på veg mot den ærverdige gamle brua over til andre sida.
21. jun 2021 Mental Helse Fjord

Fjordvandring i Vestnes

Vi har fått smaken på vandringar i tettstader, og denne gongen var målet ein god nabo i Romsdalen.

Ved den gamle ferjekaia og den seinare nedlagde hurtigbåten si kai i Vestnes, er det lett å finne parkeringsplass. Eit godt utgangspunkt for turen vår til Hagneset. Litt bort i gata svinga vi elleve til høgre og gjekk truleg forbi noko av den tidlegaste bebyggelse i Vestnes sentrum, spaserte over den ærverdige gamle brua som har fått to parallelle bruer lengre inn frå fjorden i løpet av åra.

Vi passerte velstelte hus og hagar i fint landskap nær fjorden. Mest som vi kjende på roleg bølgeskulp inn mot land. Gløymde trafikkreglar, vandra over heile bilvegen på kryss og tvers. Men dei køyrande smilte og nokre vinka til oss. Dei viste toleranse og tenkte kanskje at er det folk frå sunnmøre kan det vere dei har eigne trafikkreglar. Etter litt kom vi til eit grøntområde med benkar og truleg eit klubbhus ved stranda. Stogga for å sjå. Folk bevega seg rundt på kaia, nokre var i båt, andre på flåte og små seglbåtar dreiv rundt i lett vind. Idyllisk.

Å gje seg tid, vandre roleg og studere det vi passerer, er lærerikt. Brått møter vi ein ukjend kjegleforma høg vokster, eit for oss ukjent prydtre. Svaret var enkelt, ein kratrehortensia som festar seg rundt ein lysstolpe og tøyer seg mot himmelen. Vakkert. Gata endar nesten ned ved sjøen. På den andre sida ligg Molde under lette skyer og smiler mot oss. På vegen opp att kjem vi i snakk med ein bebuar som blant anna kan fortelje oss at asken som tronar majestetisk på tomta hans er 200 år. Ruta går vidare mot Kyrkjevegen, forbi kyrkja som ligg på ei lita høgd, og ned att mot sjølve sentrum. Denne gongen over den midterste brua. Lengre inne ligg den tredje brua der ferjetrafikken hastar kvilelaust over. Etter ein triveleg tur fortener vi ein trur på kafeen for kaffi og mat.

Flere saker fra Mental Helse Fjord