Sentrumsvandring på Sjøholt
Viktig å ta seg tid til å rusle rundt i ein tettstad og oppleve miljøet.
Vi begynte med vandring på Elvastien. Der har vi vandra før, men alltid like kjekt å ta turar og oppleve staden på nytt. Her er det på gang arbeid med å sikre treskulpturane til Jørund Smed for å stogge rotninga som har begynt. Sjølvsagt skal vi rusle langs Elvestien att om ikkje altfor lenge.
På den gamle idrettsbana er det etablert eit byggefelt kalla Iden. Ein populær og sentral stad der mange har kjøpt seg husvære. Fleire av dei som har slått seg ned her, har seldt einebustadene sine for å sleppe alt arbeidet som er knytta til vedlikehald på eigen bustad. Her treng ein ikkje slå plen sjølv og halde uteområdet i orden og tenkje på vedlikehald av bygninga. Vi rusla litt rundt, passerte tusenårsstaden, slentra rundt ved naustrekkja, traska over brua mot sjølve sentrum med marinaen som mål. Båtane fortel at dei som bur på Sjøholt har interesse for sjølivet. Somme likar å dra ut til gode fiskeplassar og kaste ut snøret og prøve fiskelukka, andre finn glede i å ta lengre turar til fine turmål.
Marinaen ligg ved Måsøyra. Ved strandkanten er det plassert bord og gode sitjeplassar med fjordutsikt og byggefeltet bak som sceneteppe. Eit vakkert sentrum som det er vel verdt å ta seg tid til å rusle rundt i. Som finale samlast vi på kafeen. Denne gongen var vi tylfta full.