Ved Rikjenda
Ein liten stogg på gangbrua over Rikjenda.
8. jun 2021 Mental Helse Fjord

Elvelangs

Å vandre på stien langs Storelva byr på variasjonar.

Frå campingplassen og framover mot Vinjesanden er landskapet ope før vi dukkar inn i ein flott grøn skogportal. Ved Kvammebrua er vi ute att i det opne landskapet. Elva brusar kvilelaust på veg nedover, roar seg litt for så å auke farten att for å nå fjorden. Langs stien har ei skuleklasse sett opp mange fine heimar for fuglane.

Frå Kvammebrua og framover er landskapet ope att med nokre små tre langs stien. Vi vel å snu ved første gangbrua. Ein anna gong kan vi gå til Holt.

Måndag 14. juni møtest vi kl. 10.00 ved Elvestien på Sjøholt. Vi vandrar der, ruslar rundt ved fjorden og marinaen før vi avsluttar på kafeen.

Flere saker fra Mental Helse Fjord