Skodda løyste seg opp til lett dis som kraup sakte innover fjorden. Oppe til venstre ligg garden Indresæter. Ved den nedlagde gamlevegenskimtar vi garden Flåen.
31. mai 2021 Mental Helse Fjord

Dyrkorn - fint landskap

Vi valde ein lett tur med fantastisk utsikt over fjorden og mot fjella.

Dyrkorn er ei fin bygd med utruleg flott utsikt. Finast er det å rusle nedover bygda med ansiktet mot fjorden og suge inn landskapet. Denne gongen vandra vi frå vegkrysset til Gjerdsstølen og utover mot siste garden, Lia. Fredeleg å rusle på grusveg og sjå nedover til fjorden og hovudvegen som sprett ut i dagslyset mellom dei to tunellane. Der nede susar bilane kvilelaust innover og utover. I den nedlagde fabrikken har Langevåg sal av ullklede, og ein og anna bilen svingar ned dit for å handle.

Skodda som sig sakte og spreidd innover fjorden frå Sjøholt, men stig heldigvis ikkje opp hit vi går. Vi finn oss ein plass på nokre steinar og rastar ei økt før vi returnerer.

Flere saker fra Mental Helse Fjord