Langs Ørskogelva
Snøen hindrar oss i å vandre i skog og mark, men triveleg med tur på gangveg.
1. apr 2019 Mental Helse Fjord

Godt for kropp og sinn

Markene ligg kvitkledde etter siste erleria. Lekamen hungrar etter mosjon. Gradstokken syner sju varme grader. Himmelen held på regnet. Berre å hive seg rundt.

Frå Amdam og bortover Valbøen lokkar den nye gangvegen dei bygde i fjor. Inne i Stordal har vi venta på fortsettelse av gangvegen frå Øvrebust til Mo. Det vesle nappet som var ein gong, glapp. Men vi reiser utover, vandrar på gangvegen der, gler oss over at dei fekk bygt han til glede for mosjonistane.

Litt vind pusjar på bakfrå. Godt med lue og hette. Så løyer vinden. Vi snakkar om kunstutstillinga i Ørskog Kulturhus. Ei av oss fornya heimen sin med med eit stort måleri. Fargane i bildet harmonerte godt. Veldig fornøgd med kjøpet. Praten vekslar mellom mangt og mykje. Tida går fort. Vi er ved brua over Ørskogelva, set kursen mot kyrkja. Til høgre ligg Elvestien. Minnest fine turar på Elvestien med Jørund Smed sine figurar. Rusling ved rislande kvilelaust vatn gjev ro.

Straks er vi ved målet, Kyrkjetorget. Smaksløkane vibrerer til dufta av nysteikte vaflar. Pratar om kor fullt det er i husa heime, må rydde og få ut det som ikkje vert brukt. Lengre inne er det eit stort lokale med reol etter reol fulle av fine brukte ting som ventar på ein ny heim å vere i. Freistinga vert for stor og i handa er ting som er kjekke å ha. Kjøper. Lett å gløyme at det er altfor mykje heime som må ut. Likevel, påfyll skjer. (Foto: Brit Skjelten og Anna Margrethe)

Flere saker fra Mental Helse Fjord