Ved målet
Ved målet fann vi ein bjørkelegg som høveleg sete for inntak av mat og drikke akkopagnert av triveleg prat.
27. mai 2021 Mental Helse Fjord

Tur med variasjonar

I strålande ver tysdag etter ei fin pinsehelg kjendest det godt å samlast att på tur.

Turmålet er Gausnes der steinbrotet ligg. Etter parkeringa ved anleggsvegen opp til Gausnestoppen labba vi ni av stad på gangvegen, tok av på bygdevegen ut til Gausnes i strålande turver med omlag 20 raude grader, passerte Liset og kom til avkøyrsla til første garden på Gausnes, trefte på kona der og hadde ein lang og triveleg passiar før vi rusla vidare. På vegen møtte vi ein kar som jobba med vedkløyving. Viktig å ha nok ved til vinteren når dei blå gradene gjer inntog att og snøen fyk langs novene. Sjøvsagt hadde vi ein prat med vedmannen. Han fortale at vi kunne gå ein bratt veg opp til ein nedlagt gard og vidare til anleggsvegen til Gausnestoppen.

Eit lite stykke etterpå når vi vegen opp til Gausnesgarden som ligg 200 meter over havet. To av oss la turen opp dit og vidare til anleggsvegen medan sju rusla vidare til Gausnes. Etter matøkta på ein nedhoggen bjørkestamme gjekk to til opp til Gausnesgarden medan dei fem andre valde same vegen attende til hovudvegen. Dei 140 høgdemetrane opp til Gausnesgarden i bratta sette skikkeleg fart i blodpumpa og pusten. Sanneleg fortente vi ein god pust i bakken då vi var komne opp.

Flere saker fra Mental Helse Fjord