
Jarskar – tur med flott utsikt
Så er vi i gang att med tur i skog og mark. Herleg med fuglekvitter og vårkjensle.
Vi gjekk frå Vestre på bygdevegen til Vaksvika, tok av til venstre på skogsvegen, tok fatt på ein motbakke og fekk opp farten på blodpumpa før vegen flata ut i blandingsskog. Herleg å vandre med fuglekvitter frå tre og busker. Mest så føtene går lettare når dei set tone til stega.
Undervegs diskuterte vi planer for overnatting i hengekøye, og truleg vert vi fem-seks som prøver det nye friluftslivet. Seinare bestemmer vi oss for kvar og når vi skal ligge ute.

