Frå salen
Dei fleste av delegatane og øvrige medlemmer som møtte i Molde er med på bildet.
16. mai 2021 Mental Helse Fjord

Årsmøte i Mental Helse Møre og Romsdal

Det 39. ordinære årsmøtet vart halde som kombinert fysisk og digitalt møte grunna pandemien.

Delegatane frå Mental Helse Stordal valde å delta digitalt, tre på frivilligsentralen og to i eigne heimar. Fylkesleiar Anna Margrethe Drægebø Moe møtte i Molde. Ho ønskte alle velkommen og gav ordet til landsleiar Jill Arild som var invitert frå sentralt hald, før ho konstituerte møtet der 38 delegatar og 11 såkalla øvrige medlemmer deltok.

Jill Arild vart valt til møteleiar med fylkessekretær Åshild Sivertsen som årsmøtesekretær. Dagsorden med dei vanlege årsmøtesakene vart behandla og sist på dagsorden stod val. Etterpå takka avtroppande fylkesleiar Anna Margrethe avtroppande styremedlem Per Gimnes og vara Carlotte Andreassen for innsatsen, og ønskte nyvalt fylkesleiar Stig Ålgårdstad lukke til i vervet. Landsleiar Jill og nestleiar Irene Sundholm takka Anna Margrethe for innsatsen som fylkesleiar.

Fylkesstyret fekk slik samansetjing:
Stig Ålgårdstad – fylkesleiar
Irene Sundholm – nestleiar (ikkje på val)
Anna Margrethe Drægebø Moe (studieleiar)
Nils- Inge Holm (ikkje på val)
Oddrun Beyer Holm
Varamedlemmer:
1. Bjørnar Lien
2. Borghild Reenskaug
3. Tonny Frøyen

Flere saker fra Mental Helse Fjord