Pause
Ved Stikk-ut-posten var det benk med fjordutsikt å slå seg ned på i finveret.
11. mai 2021 Mental Helse Fjord

Dyrkorn - Kokarsteinen

Vergudane var nådelause og knuste turplanen for mars og april.

Slutten av februar var snøfri. Optimismen rådde og turplan vart lagt for mars og april utan tanke om kva som skulle komme av ver. Dag etter dag landa tette snøfiller tunge som bly. Når det endeleg såg ut som himmelen var tom for snø, fekk vi slengt etter oss ekle våte snøfiller. Kuldenetter med kalde dagar og strypande vind frå nord heldt på snøen til godt inn i mai sjølv om sola smilte frå klår himmel. Fuglane sine smektande tonar for å finne make let vente på seg. Dei orka ikkje å tenkje på reirbygging og egglegging. Dei lika seg best ved fuglematen.

Så kom 10. mai med rundt 15 gode grader. Berre å hive seg rundt og mosjonere lekamen. Det vart tur frå Dyrkorn til Kokarsteinen med fjordutsikt. Endeleg er vi i gang att.

Flere saker fra Mental Helse Fjord