Årsmøtet
Litt annleis årsmøte, men med god vilje går alt godt.
24. mar 2021 Mental Helse Fjord

Årsmøtet 2021 vel i hamn

Det er tradisjon at vi har årsmøtet andre tysdagen i februar, men på grunn av skjerpa smittevernreglane på nyåret måtte vi utsette årsmøtet til 23. mars då det brukar vere over ti medlemmer på årsmøta våre.

Som vanleg hadde vi årsmøtet på frivilligsentralen. Dette årsmøtet vart noko annleis. Vi hadde ikkje servering eller sette av tid til sosialt fellesskap utover sjølve årsmøtet. Utan bord framfor oss hadde vi faste plassar plassert slik at det var minst ein meter frå skulder til skulder. På årsmøtet møtte ti medlemmer fysisk og to på teams som er godt frammøte i desse «koronatidene». Kjekt å komme saman att. Å bruke teams var som å pløye nytt landskap, men det gjekk bra med debuten.

Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og konstituerte møtet. Ingrid Løset vart valt til møteleiar med Anna Margrethe som årsmøtesekretær. Ingrid leia møtet med stø hand gjennom sakene. Sjølv i «koronaåret» synte årsmeldinga at laget hadde mange aktivitetar etter at det vart lempa på reglane. Laget har god styring på økonomien og er liv laga.

Alle i styret med varamedlemmene vart attvalde samrøystes, og for henne som sa frå seg attval som vara, vart valt ny. Revisorane fekk også fornya tillit. To av medlemmene i valkomiteen sa frå seg attval, og ny valkomite kom på plass.

Grunna smittevernreglane kunne ikkje fylkesfadderen komme og vere saman med oss på dette årsmøtet.

Det nye styret:
Anna Margrethe Drægebø Moe – leiar
Jorunn Vestre – kasserar
Torill Sandvik
Bjørg Hjelmseth
Varamedlemmer:
Marit Abelvik
Arna Øvrebust

Takk til alle som deltok for eit konstruktivt og godt møte!

Flere saker fra Mental Helse Fjord