Prestegarden
Første kurset i Kjøkkenpraten skal haldast i Volda i dette bygget, prestegarden.
23. aug 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Invitasjon til kurs i Kjøkkenpraten

Fylkeslaget inviterer til desentraliserte kurs i kjøkkenpraten. Det første kurset vert i Volda laurdagane 7. og 14. september. Neste kurs vert på Sunndalsøra laurdagane 21. september og 5. oktober. Lokallaga vel sjølv kvar dei ønskjer å gå kurset.

Kjøkkenpraten er eigenleg likepersonsarbeid der fleire kjem saman og deler erfaringar om eit tema gruppa vel sjølv. Dette skjer i trivelege former over ein kopp kaffi og matbit.

Dei som går kurset, kan seinare kurse i eige lokallag og leie kurs i Kjøkkenpraten. Når ein skal ha Kjøkkenpraten, er det ønskjeleg at to samarbeider om å leie og legge til rette det praktiske. Såleis bør det vere minst to deltakarar frå kvart lokallag på dette kurset for å få opplæring.

Kurset er på 10 timar, og vert delt i to. Først ei samling på 4 timar, så ei på 6 timar der det vert teke med ein praktisk del på 2 timar. I kurset vert det også lagt inn rapportering av likepersonsarbeid. Programmet for kurset er det same i Volda og på Sunndalsøra. For å tilpasse kurset på Sunndalsøra til offentleg transport kan det verte litt endring i når kurset begynner og sluttar. Lokallaga der kurset er, vil legge til rette med lokale og servering m.m.

Påmelding til kurset i Volda er innan 2. september.
Påmelding til kurset i Sunndalsøra er innan 12.september.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal