Delegatane frå M&R
Delegatane frå Møre og Romsdal var frå venstre: Anna Margrethe, Irene, Lasse, Anne Turid, Frode og Stig.
23. des 2022 Mental Helse Møre og Romsdal

Landsmøte 2022 og vårt fylkeslag

Det høgste styringsorganet i Mental Helse er landsmøtet som vert halde i november annankvart år.

På landsmøtet deltek alle fylkeslaga som i tillegg til fylkesleiar har fem delegatar. § 10 i vedtektene fastset kva som skal behandlast på ordinært årsmøte. Av sakene kan nemnast årsmeldingar, rekneskap og kontrollutvalets rapport som vert tekne til orientering. Vidare vart det gjort vedtak om Samfunnspolitisk program 2022-24 og endringar i vedtektene. På Landsmøte 2020 vart det vedteke at det skulle lagast ein strategi for Mental Helse med bakgrunn i trendane i samfunnet når det gjeld deltaking i organisasjonslivet. Ei brei arbeidsgruppe har arbeidd med dette oppdraget og la fram Strategi 2023-2033 for endeleg vedtak. Eitt av måla i strategien er: Mental Helse skal ha 30 000 medlemmer og frivillige innen 2033.

Nemnast kan at Mental Helse Møre og Romsdal sende inn forslag på sak etter § 9.4 som landstyret vedtok. Forslaget var: “Sentralstyret nedsetter et utvalg som utreder konsekvensene og fremmer forslag om hvordan fylkeslagenes delegatordning til landsmøtene skal være og gjennomføres. (Jfr. vedtektenes § 9.3) Forslaget behandles på landsmøtet 2024.”

Siste post på dagsorden er val. Jill Arild som har vore landsleiar i to periodar stilte ikkje til val att. Den nye landsleiaren vår vart Ole Marius Minde Johnsen. Nemnast kan at Frode Værøy frå fylkeslaget vårt vart 1. varamedlem i sentralstyret. 1. vara møter fast.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal