Samlinga
Omlag 50 gjestar var samla i Restaurant Rosehagen. Der fekk vi også treretters middag. og mot slutten kaker.
31. okt 2022 Mental Helse Møre og Romsdal

Fylkeslaget feira sine 40 år

15. oktober markerte fylkeslaget sine 40 år med inviterte gjestar frå Mental Helse sentralt, lokallaga og samarbeidspartnarar på Molde Fjordhotell.

Fylkesleiar Stig Ålgårdstad helsa velkommen og fortalde historia til laget:

Mental Helse Møre og Romsdal vart stifta 13. oktober 1980 og heldt sitt første årsmøtet 18. januar 1982 med 114 medlemmer og 8 institusjonar. Gjennom alle åra har det vore 16 fylkesleiarar og kontorstaden har vore i Molde. Eldste lokallaget er Ålesund, så kom Molde, Sykkylven og Ulstein. På det meste var det 22 registrerte lokallag. Før kommunesamanslåinga var det lokallag i 26 kommunar, men det er uklart om alle var i drift samtidig. Dei fleste lokallaga har i periodar lege nede og vorte reetablert. Nokre eksisterer ikkje meir.

I 2012 vart det sett mål: Vi skal bli det beste fylkeslaget! Det innebar at vi måtte etablere fleire lokallag og styrke økonomien, jobbe med skulering og oppnemning av brukarrepresentantar, delta på fagdagar og seminar med mental helse på dagsorden, betre forholdet mellom lokallaga og fylkeslaget, styrke lokallaga m.a. ved bruk av leiarmøte og fadderordning, kursing og opplæring av fylkesstyret og medlemmer i lokallaga, aktiv deltaking ved å sende inn saker til Landsmøtet og Leiarmøtet, politisk påverknad, samt engasjere oss i FFO Møre og Romsdal.

Status no: Vi har 15 lokallag som dekkjer 17 kommunar, og medlemstalet er ca. 500. Fylkeslaget har kontor i Strandgata og fylkessekretær i 50 % stilling. Arbeidsutvalet og fylkesstyret har møte fast kvar månad og ved behov, brukarrepresentantar i dei fleste brukarutvala og råd i helseføretaket, samarbeid på regionnivå med fylkeslaga i Nord og Midt-Noreg, samarbeid med Mental Helse Trøndelag om oppnemning av brukarrepresentantar til regionale nettverk.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal