Møte i regionrådet for MH Midt- og Nord-Norge
Dagane 2. – 4. juni vart første regionrådet i år halde på Gardermoen.
I regionråda deltek leiarane og nestleiarane i fylkeslaga som høyrer til regionen saman med tilhøyrande organisasjonsrådgjevar som er sekretær. Formålet med møta er m.a. å utveksle erfaringar og idear, dele kunnskap og få informasjon om viktige saker som det vert arbeidd med. Fast post på alle regionråda er status i fylka. Elles stiller fagpersonar på møta og gjer greie for sine tema på agendaen.
Av saker på dette møtet kan nemnast gjennomgang av Teams – eit digitalt alternativ til fysiske møte og kurs. Forms er eit nytt digitalt verkty som er eit effektivt hjelpemiddel å bruke ved påmelding til kurs. Vidare vart det orientert om status og samarbeid med fylkeslaga når det gjeld YAM – det helsefremmande og prevantive undervisningsprogrammet for psykisk helse – som Mental Helse arbeider for skal verte undervisningsprogram i skulen.
Headspace er eit før-kommunalt lågterskeltilbod for unge mellom 12 – 25 år. Ein møteplass der trygge voksne er tilgjengelege og har nok tid når ungdommen treng det. I tillegg til informasjon om Forum for brukarrepresentantar og Fagskulen fekk deltakarane også oppdatering om arbeidet med innføringa av Helseplattforma. Siste dagen vart avslutta med utveksling av erfaringar og innspel som brukarmedvirkar.