Årsmøtet 2021 vel i hamn
Lokallaget gjennomførte årsmøtet 18. februar på PPS Ytterland.
Møtet gjekk etter “oppskrifta”. Etter velkomstord av styreleiar Tone var det konstituering der Tone vart valt til møteleiar og Ingrid til årsmøtesekretær. Det var ingen merknad til årsmeldinga og rekneskapen som vart godkjende, Årsmøtet bestemte at godtgjersla til styret skulle vere uendra. Etter framlegg av styret sitt forslag til handlingsplan og budsjett var det litt diskusjon før dei vart vedtekne. Av aktivitetar som kan nemnast frå handlingsplanen er møteplassen Johansbuda, der ein vekslar mellom møte på dagtid og kveldstid, markering av Verdensdagen for psykisk helse og faste turar. I diskusjonen kom fram at det er viktig å fordele dei ulike oppgåvene som skal utførast, på personar i god tid før aktivitetane skal skje.
Etter ein pause med inntak av pizza og utveksling av tankar, var det val. Det vart litt utskifting av medlemmer i styret. Elles var det val av delegatar til fylkesårsmøtet med vara i rekkefølge, samt revisorar. Det vart også valt valkomite som skal begynne arbeidet i god tid. Seinare vil det verte lagt ut bilde av det nye styret på nettsida og orientert om valet elles . På tampen av møtet orienterte fylkesfadder Anna Margrethe om viktige oppgåver i Mental Helse sentralt og på fylkesplan, samt planer for kurs/opplæring.