Styret 2023
Det nye styret er klar for vidare innsats. Frå venstre: Eva - vara , Ingrid - sekretær, Tone Lillian - leiar, Iren - kasserar, Heike - styremedlem og Eli Anne - studieleiar.
25. feb 2023 Mental Helse Giske

Årsmøtet 2023 er gjennomført

Møtet vart halde torsdag 23. februar på PSS Ytterland med godt frammøte.

Styreleiar Tone Lillian Walderhaug ønskte velkommen og gjekk i gang med konstitueringa av møtet. Det møtte ti medlemmer, og innkallinga og sakslista vart godkjent. Anna Margrethe Drægebø Moe vart valt til møteleiar og Ingrid Skjong til sekretær. Dei tok sete og fortsette med konstitueringa, der forretningsorden vart godkjent og to protokollunderskrivarar vart valde.

Møteleiar gjekk vidare på sakslista. Styreleiar las årsmeldinga og kasseraren la fram rekneskape n, og det vart opna for spørsmål. Både årsmeldinga og rekneskapen vart godkjende slik dei låg føre. Det vart orientert om forslaget til honorar for styremedlemmene, der ein skal få kr 250 pr. styremøte. Det vart vedteke. Styreleiar refererte framlegget til handlingsplan, og kasseraren gjekk gjennom forslaget til handlingsplan, og det vart opna for spørsmål og innspel. Begge dokumenta vart vedtekne utan endringar.

Det var ingen innkomne saker, og møteleiar gjekk vidare til siste post på møteplanen, val.

Styret fekk slik samansetjing:
Tone Lillian Walderhaug – leiar
Iren Solli – kasserar
Ingrid Skjong – sekretær
Eli Anne Vanebo – studieleiar
Heike Von Der Forst – styremedlem
Eva Thor – varamedlem

Medlemmer i valkomiteen vart: Elin Mauseidvåg og Anne Karin Bordøy.
Deretter valde årsmøtet 2 revisorar før ein gjekk over til siste post på dagsorden som er val av 3 delegatar med 3 varamedlemmer i rekkefølgje til fylkesårsmøtet som vert halde laurdag 22. april. Til slutt hadde fylkesfadder Anna Margrethe ordet og la fram fadderpresentasjonen.

Flere saker fra Mental Helse Giske