Årsmøte 2022
Årsmøtet vart halde 3. februar kl. 17:00, og som i fjor på PSS Ytterland.
Styreleiar Tone ønskte velkommen og konstituerte møtet. Sju møtte. Tone vart valt til møteleiar og Ingrid til møtesekretær. Styreleiar las årsmeldinga som m.a. fortalde at styret hadde hatt seks møte, medlemstalet hadde auka til 40 og det var gjennomført fleire aktivitetar, bl.a. kurs. Kasseraren la fram rekneskapen. Rekneskapet synte at laget har god økonomi. Dei neste sakene var fastsettelse av honorar for styremedlemmene, handlingsplan 2022 og budsjett 2022 som er rådgjevande. Til sakene var spørsmål og utfyllande svar. Alle saksframlegga vart vedtekne samrøystes.
Etter ei matøkt og pauseprat, heldt årsmøtet fram med val. Valnemnda si innstilling til styre med varamedlem vart framlagt og samrøystes vedteke. Etter noko drøfting valde årsmøtet også tre utsendingar med varamedlemmer i rekkefølge til fylkesårsmøtet som skal haldast 24. april i Molde. Ny valkomite vart også valt.
I det nye styret sit:
Leiar: Tone Elin Walderhaug
Nestleiar: Heike Von Der Forst (ny)
Kasserar: Iren Solli
Sekretær/styremedlem: Ingrid Skjong
Studieleiar/styremedlem: Eli Anne Vanebo (ny)
Varamedlem: Eva Thor (ny)
På tampen av årsmøtet la fylkesfadder Anna Margrethe fram ein såkalla fadderpresentasjon og orienterte om fylkeslaget sitt omfang (15 lokallag), at det er viktig at lokallaga kjem med innspel til fylkeslaget om kurs dei ønskjer og kva som vert opplevd som vanskeleg. Vidare at det skal haldast organisasjonskurs i Kristiansund 25. – 27. mars. Ho tok også fram litt om kva som er landsdekkande strategi i MH og kva fylkesstyret arbeider med (handlingsplan vedteken på årsmøte). Elles snakka ho om fadderordninga som er to-veges. Vedtektene, Samfunnspolitisk program og Strategi som vert vedtekne på landsmøte (ligg på nettet) er viktige dokument i arbeidet. Årsmøtedeltakarane fekk utdelt presentasjonen.