Årsmøte
Snart er det årsmøte i lokallaga.
3. feb 2021 Mental Helse Møre og Romsdal

Tid for årsmøte i lokallaga

Januar/februar er ei ekstra hektisk tid for lokallaga med skriving av årsmelding, ferdigstilling av rekneskap, utarbeiding av ny handlingsplan og budsjett for behandling i årsmøtet.

Pandemien har ikkje roa seg, og det kan skje utsetting av årsmøta. Men om ønskjeleg, kan lokallaga gjennomføre årsmøta digitalt, og her vert det synt til utsendt informasjon frå organisasjonsrådgjevaren.

Lokallaga har meldt inn årsmøta sine slik:
MH Volda/Ørsta 15. februar kl. 17:00
MH Stordal 23. mars kl. 18:00
MH Rauma Vert bestemt seinare
MH Ålesund 21. februar kl. 16:00
MH Giske 18. februar kl. 17:00
MH Molde 25. februar kl. 18.00
MH Sunndal 25. februar kl. 18:00
MH Sykkylven 27. februar kl. 15:00
MH Skodje/Ørskog 25. april kl. 16.00
MH Haram 22. april kl. 17:00
MH Vestnes 28. april kl. 18.00
MH Stranda 07. mars kl.13.00
MH Hareid 02. mars kl. 18.00
MH Hustadvika 22. mars
MH Kristiansund 08. april kl. 18.00

Som vanleg vil lokallaget sin fadder vere til stades på årsmøtet. Førebuinga av årsmøtet kan registrerast som kurs. NB! Minstetimetalet er 4 timar. (Studieplan id.nr 11171 Opplæring i årsmøteforberedelser).

Etter årsmøtet sender lokallaga følgjande til organisasjonsrådgjevar med kopi til fylkeslaget :
1. Signert årsrapport for lag.
2. Årsmeldinga signert av heile styret.
3. Revidert årsrekneskap signert av heile styret.
4. Årsmøteprotokoll signert av dei som vart valt til det i årsmøtet.

Mental Helse sentralt vil ordne med momskompensasjonen som vert utbetalt til lokallaga mot slutten av året. Fylkeslaget vil betale ut kontigentandelen til lokallaget innan utgangen av første halvår. NB! For å få momskompensasjonen utbetalt, må lokallaget vere registrert i frivillighetsregisteret.

Vi ønskjer lokallaga lukke til med årsmøta og ser fram til vidare godt samarbeid.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal