14. des 2020 Mental Helse Møre og Romsdal

Mental Helse Molde 40 år

Siste laurdag feira Mental Helse Molde at lokallaget har blitt 40 år; det blei stifta 3. desember 1980 .

Nemnast kan at Mental Helse Molde blei skipa to år etter Mental Helse sentralt som blei stifta 3. september 1978, og to år før fylkeslaget i Møre og Romsdal. Såleis er lokallaget i Molde blant dei eldste i landet, og så langt ein kan sjå det eldste lokallaget som er i drift i Møre og Romsdal.

Jubileet blei halde på Alexandra Hotel i Molde, der medlemmer i laget saman med andre innbedne gjestar var med og markerte dagen. Under middagen var det musikalsk innslag og helsingstalar til jubilanten. Styreleiaren i fylkeslaget, Anna Margrethe, tok bl.a. fram at det er ekstra kjekt at Mental Helse Molde i 2020 har fått endå fleire medlemmer og i jubileumsåret er blitt det største lokallaget i fylket vårt.

Vi gratulerer Mental Helse Molde og ønskjer laget lukke til vidare i det viktige arbeidet dei utfører.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal