Leiarmøtet
Endeleg kunne vi gjennomføre leiarmøte etter det vart utsett i mars grunna nedstenginga av samfunnet 12. mars.
27. nov 2020 Mental Helse Møre og Romsdal

Leiarsamling

Vi skulle gjennomføre leiarsamlinga i mars, men covid19 førte til utsetting. Heldigvis kunne vi gjennomføre samlinga 14. november på Vestnes med godt frammøte.

Første post på programmet er nytt frå lokallaga. Dei orienterte om arbeidet i laget sitt og ved spørsmål gav dei meir informasjon om aktivitetane. Under runden kom det fram at lokallaga hadde vore kreative og gjennomført mange aktivitetar innafor rammene som vart sett for å hindre koronasmitte. Eit lokallag gjennomførte kjøkkenpraten på zoom. Same lokallaget inviterte andre utanfor eige lokallag også til å delta på zoom. Nokre lokallag hadde gjennomført turar kvar veke og hadde også hatt medlemsmøte med tema.

Anna Margrethe fortalde om fylkesstyret sine planer om desentralisert opplæring for å imøtekomme ønske lokallaga har spelt inn. Seinare vil lokallaga verte kontakta med tilbod. Det vart også minna om kurset i valkomitearbeid som etter planen skulle haldast første helga i desember.

Irene og Per orienterte om prosjektet YAM der ein har som mål å gjennomføre YAM for alle elevane i 14 – 16 årsalderen i fylket vårt. I desember 2019 fekk fylkeslaget ei storslagen julegåve frå Optimar AS. Nesten heile summen skal brukast til YAM i ungdoms-/vidaregåande skule. Du kan lese meir om YAM på Mental Helse si nettside sentralt.

Opphaveleg program for leiarsamlinga vart lagt litt om fordi Anja Bjørkavåg ikkje kunne møte og orientere om medisinfritt tilbod ved DPS Vegsund. Ho vil verte invitert til neste leiarsamling.

Ingrid Løset tok fram kor viktig brukarmedvirkning er, og at vi må ha dyktige representantar som kan tale brukarane si sak. Ho orienterte også om fleire andre viktige saker, t.d.: Forhandlingane med Skanska som skal bygge det nye sjukehuset utanfor Molde er ikkje sluttførte enno. For pasienten er det best at ho/han får den hjelpa dei treng når dei treng den, og at den vert gitt av kvalifisert personale i sjukehus eller i kommunane. I Møre og Romsdal har ein ikkje mange senger i psykiatrien, og ein må ha dei ein har no. Magnusen 2 modellen er lagt fram, og det er i gang forhandlingar om korleis midlane frå staten skal fordelast i Helse-Midt. St. Olav ønskjer meir pengar, men driv dyrare enn Helse Bergen og skal dokumentere kvifor. Alle som føler behov for det, kan ha med ein person ein har tillit til når ein skal ha samtale med t.d. behandlar eller NAV.

Ingrid er ein av mange brukarrepresentantar som er med i arbeidet arbeidet med Helseplattformen. Planen er at alle data om ein pasient skal samlast i ein journal. Dette vil verte eit godt verkty for dei som skal bruke det. Det er viktig at lagringa er trygg og at ein unngår hacking, jf. situasjonen i Finland og andre stader. Arbeidet med Helseplattformen ligg ca. tre månader etter planen. Du kan lese meir på www:helseplattformen.no. På etterfølgjande lenke kan du sjå ein film om helseplattformen: https://www.youtube.com/watch?v=W9A12QCauGU

Elles finn du mykje nyttig informasjon på sidene til styreadministrasjonen i Helse Møre og Romsdal, bl.a. om styret, brukarutvalet og ungdomsrådet.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal