Landsmøte 2020
Stig, Anna Margrethe, Sølvi og Irene deltok på landsmøtet frå fylkeskontoret i Molde. (Foto: Ingeborg)
23. nov 2020 Mental Helse Møre og Romsdal

Landsmøtet 2020 – desentralisert digitalt

Etter planen skulle landsmøtet haldast på Gardermoen, men grunna koronaen vart det slik at delegatane samlast i eige fylke og deltok digitalt. På Mental Helse si hovudside finn du informasjon frå landsmøtet vårt.

Delegatane frå Møre og Romsdal deltok i hovudsak frå fylkeslaget sitt kontor i Molde. Det er vanleg at dei som er foreslått som medlem/varamedlem til sentralstyret er invitert, og såleis var Ingeborg Steffensen til stades som observatør. Som vanleg når noko nytt skal prøvast, var det knytta litt spenning til den digitale gjennomføringa. Men vi både høyrde og såg møteleiar og dei som hadde innlegg på storskjerm, og hadde elles den kontakta vi trong i gjennomføringa av årsmøtet, samt fekk opp alle forslag som skulle vurderast og stemmast over. Sundag var det litt rusk som kan tilskrivast nettet. Stemmeknappen hadde vi på PC-ane våre. Med andre ord vart landsmøtet avvikla på ein god måte.

Det kan nemnast frå valet at Jill Arild vart attvald som landsleiar for to nye år.

Frå vårt fylke vart Ingrid Løset vald inn i kontrollutvalet, og Per Gimnes vart medlem i valkomiteen.

Vi gratulerer!

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal