Regionrådsmøte for MH i Midt- og Nord-Norge
I helga oktober/november var rådet samla til møte på Tiller i Trondheim. Programmet var prega av at det er landsmøte om nokre få veker.
Såleis vart mesteparten av tida brukt på Samfunnspolitisk program og Strategi. Ei gruppe nedsett av Sentralstyret har jobba fram eit forslag som leiarmøtet behandla i september. Etter vedtektene skal landsmøtet vedta Samfunnspolitisk program og Strategi etter innstilling frå leiarmøtet.
Samfunnspolitisk program er overordna for arbeidet i Mental Helse og strategien fortel vegvala som igjen skal munne ut i handlingsplan. Kristin Bergersen, kommunikasjonssjef i MH, gav oss fleire tips til å ta med heim i arbeidet med å gjennomføre tiltak. Ho vektla kor viktig det er å verte sett, kommunisere godt og få ut bodskapen.
Organisasjonsrådgjevaren vår, Sølvi Hagen, delte oss i grupper som jobba med kvar sine kapittel i Samfunnspolitiske program og Strategi. Vi vurderte om det var noko vi ville endre på og la resultatet fram i plenum. Ved gjennomgang og diskusjon fekk vi endå større kunnskap om det viktige styringsdokumentet og såleis beslutte forslag til endringar. Elles diskuterte vi nokre av dei andre landsmøtesakene.
Fast post er status i fylka der vi fortel om arbeidet vårt, og utvekslar erfaringar og idear som kan brukast av kvarandre og spare fylkeslag for å finne opp kruttet på nytt.