Kursdeltakarar.
Engasjerte og lydhøre kursdeltakarar.
20. okt 2020 Mental Helse Møre og Romsdal

Konflikthandtering

Endeleg kunne vi samlast att til kurs, treffe gamle kjente og sjå nye ansikt. Skikkeleg triveleg. Og, ikkje minst, få påfyll og inspirasjon gjennom ny lærdom. Vi skulle ha kurset i konflikthandtering i mars, men måtte utsette det då samfunnet vart nedstengt.

To psykologistudentar losa oss gjennom kursdagane med stø og dyktig hand, og samspelet mellom dei og deltakarane var svært godt. Vi var innom teori om konflikt, språkbruk, korleis Mental Helse sine etiske retningslinjer kan brukast i konflikthandtering, ulike konflikter som kan oppstå i eit styre/lokallag og fekk kunnskap til å finne gode løysingar på dei, samt ulike verkty til å forbygge og løyse konflikter. Siste dagen sette vi den nye kunnskapen ut i livet ved å planlegge og gjennomføre ein prosess på førebygging eller handtering av ei tenkt konflikt i eige styre/lag.

Kanskje synest temaene kjedelege, men det var god veksling mellom formidling, diskusjonar, gruppearbeid og rollespel i ein god og lett tone. Med andre ord eit godt læringsmiljø. Vi reiser heim att meir bevisste på kva som kan skape konflikter, og kan bruke lærdommen til å vere i forkant og førebygge konflikter og sjølvsagt ta tak i dei dersom/når dei oppstår.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal