Opning av Brannstasjonen Aktivitet på Skodje
Nærare tretti var innom på opninga av aktivitetstilbodet som ligg vis a vis brannstasjonen på Skodje. Aktivitetstilbodet er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Mental Helse Skodje/Ørskog.
Åse Marie Michaelsen skal saman med lokallaget stå for drifta framover. Ho tok fram at her kan folk som har lyst til å komme innom sette seg ned. Ein kan gjerne ta med seg eit handarbeid og gjere ting saman medan praten går. Dei som kjem innom får gratis kaffi og betaler litt for lunsj. Alle er velkomne, og ein kan vere på aktiviteten lang eller kort tid. Aktiviteteten er open måndag og torsdag frå kl. 10.00 – 15.00.
Fleire organisasjonar og fylkesorganisasjonen i Mental Helse bar fram helsingar, blomar og gåver.
Nemnast kan, at medlemmene i MH Skodje/Ørskog har lagt ned mykje arbeid i å gjere lokala trivelege ved å pusse dei opp og henge opp nye gardin.