Mannskoret
Etter konferansen var deltakarane samla på Logen til tapasbufet der Mannskoret underheldt med vakker song før middagen.
13. mar 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Tvang tema på Mental Helse Konferansen

I år har Mental Helse spesielt fokus på redusert og rett bruk av tvang og medisinfrie tilbod. Såleis var tvang og psykisk helse tema på konferansen som vart halden i Oslo 7. mars.

Etter generalsekretæren vår, Linda Berg-Heggelund, ønskte velkommen, fekk ordførar Marianne Borgen ordet. Ho tok fram at det er viktig at politikarane får formidla erfaringar og vurderingar frå Mental Helse. Det handlar om brukarerfaringar og kva som er viktig for brukaren. Vidare nemnde ho det store presset i ungdomskulturen som fortel kva verdiar som vert sett i sentrum. Menneskerettane har betyding for kva samfunn vi vil ha.

Olav Nyttingnes, psykolog, stod for undersøkelse av korleis pasientane opplever tvangsbehandling. Frå pasientar kom harde ord og kritikk, og dei omtala psykiatrien med ord som krenking og mishandling. Han utvikla eit måleverkty for tvang. Det viste seg at ca 1/3 av dei som vart tvangsmedisinerte opplevde låg eller ingen tvang. Pasientane opplever såleis tvang veldig ulikt. Då han prøvde måleverktyet på ungdom, viste det seg at ungdom med psykose opplevde mindre tvang enn vaksne. Den som opplever friheitsinnskrenking, vurderer om det er rettferdig eller ikkje. Det vert forklart med at vi er oppdratt til å godta demokratiske beslutningar (lover og reglar)sjølv om dei er friheitsinnskrenkande.

Solveig Kjus, lokallagsleiar MH Røyken og Hurum, fortalde at stemma i hovudet fortel kva ho skal gjere. Ho har doktorgrad i fysikk, stemma sa ho skulle ta utdanninga. I sju år vart ho tvangsmedisinert. Stemma sa at ho ikkje skulle ta medisin. Tok ho den, skulle ho ta livet sitt.

Kevin Ivanowitz, tidlegare avdelingsleiar Psykiatrisk klinikk Lovisenberg, delte erfaringane han har fått i arbeidet med å reduksjon av tvang. Dei endra strukturen og la vekt på å snakke med pasienten/roe situasjonen. Ved sinne hos pasienten og personalet også møter med sinne, reiser kognitive funksjonar på ferie. Dei erfarte at å halde pasienten i staden for å bruke belte var like trygt. Beltebruk skal ikkje vere første alternativ (men ein skal heller ikkje slutte å bruke belte). La bort husreglane, og opplevde god erfaring med individuell tilpasning, auka takhøgde for åtferd og sterkare involvering. Har pasienten hatt utbrot, er det viktig for pasienten å verte møtt med stillheit og pause i situasjonen. Situasjonen roar seg.

Arnhild Lauveng, spesialist i klinisk samfunnspsykologi, har gått gjennom fleire hundre studiar av tvang og kom til at tvang kan reduserast. Ved mindre bruk av tvang vart miljøet betre og sjølvmorda færre . Vidare er det viktig at romma og lokala er trivelege. Omsorg konkurrerer ut stemmene i hovudet som vil ein vondt. Det er lettare å få folk til å gjere det dei sjølv har vore med og bestemt. Ho tok fram at samarbeidet mellom sjukehusa og kommunane må vere meir forpliktande og brukarstyrte senger er viktige.

Ketil Lund, tidlegare høsterettsdommar, tok for seg tvangsmedisineringa som omfattande utan alternativ. Haldninga innan psykiatrien er at medisin har store fordelar. Han nemnde Damokles sverd her: Tek ein ikkje medisinen frivillig, vert ein tvangsmedisinert. Tvangsmedisineringa har vore ulovleg i 30 år då kravet om at det skal vere stor sannsynlegheit for betring ved bruk av medisin ikkje vert etterlevd. Det må nedsettast eit utval for å sjå på det som har skjedd, og på isj.no er det lagt ut underskriftsaksjon. Han hevda: «Så lenge det er ein heimel, vert den misbrukt.»

Marius Storvik, jurist, tok utgangspunkt i Kardemommeby og politimeister Bastian – han er ein diktator – og stilte spørsmål ved den gode viljen til Bastian. Han dømmer og straffar utan lov ved bruk av eigne reglar. Han tok fram at det er personalet på institusjonen som lagar rutinene, tvangsprotokollane fyller ikkje krava og det er ulovleg skjermingspraksis. Skjermingsromma skal ikkje ha lås. Har dei lås, er det isolat og såleis ulovleg. Det skjer systematiske lovbrot.
Fred Heggen, spesialist i psykiatri, tok fram at det er vanskeleg å redusere tvang når avdelingane er overfylte. Det er mange meiningar innan psykiatrien og ein må gå frå stillingskrig – forlate forsvarsposisjonane – og over til dialog. Skal vi komme vidare, ha bevegelse i psykiatrien, må vi vere villige til å kompromisse. Det må arbeidast for rettare bruk av medisin.

Linnea Myhre, bloggar og forfattar, fortalde om eigne erfaringar rundt spiseforstyrringar. Ho snakka om korleis spiseforstyrringar oppstår, møtet med helsevesenet, kva pasienten treng og etterlyste meir kunnskap.

Oddvar Stenstøm som leia oss gjennom programmet, leia også paneldebatten der landsleiaren vår, Jill Arild, deltok saman med politikarar og fagfolk. I debatten kom følgjande fram: Situasjonen i psykiatrien er alarmerande med overbelegg i akuttpsykiatrien. Det går ut over arbeidsmiljøet. Pga samtykke går det lengre tid før innlegging, folk vert sjukare før dei kjem inn og det er tidleg utskriving. Det manglar system for å følgje settet av reglar i psykiatrien. Dei som jobbar gjer det etter beste evne. Kontrollkommisjonane (som har vore uendra sidan dei vart lovfesta) fungerer ikkje.

Når det gjeld tvangsproblematikken, ventar ein på oppfølging av Paalsrudutvalet til sommaren. Den medikamentelle behandlinga aukar. Spørsmålet er korleis ta vare på dei som treng det på beste måte. Regelverket rundt tvang vert opplevd som altfor dårleg i ein svært pressa psykiatri der nedbygginga av sengeplassar held fram. Siste 20 åra har sengeplassar vorte halvert. Politikarane manglar kunnskap om dei mest alvorleg sjuke. Det er mange fordommar når det gjeld dei mest alvorleg sjuke. I sommarmånadane – med ferievikarer – aukar tvangsbruken. Då VG sette fokus på tvangsbruken, gjekk den ned. Samhandlingsreforma fungerer ikkje. Kommunane har ikkje bygt opp tiltak i takt med nedbyggnga av spesialisthelsetenesta. Det vart teke fram at på Island og i nokre statar i Tyskland er heimelen for tvang fjerna. Det ein må spørje om og finne svar på, er: «Kva er den beste behandlingsmåten?»

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal