Det nye styret med varamedlemmer.
Det nye styret med varamedlemmer: Frå venstre Anna Margrethe, Per, Charlotte, Nils-Inge, Tonny og Oddrun. Irene og Borghild vart ikkje med på bildet.
8. sep 2020 Mental Helse Møre og Romsdal

Fylkesårsmøte i Mental Helse Møre og Romsdal vel i hamn

Det møtte 43 deltakarar frå åtte lokallag på vårt 38. ordinære årsmøte. Av desse var det 28 delegatar og 15 såkalla «øvrige medlemmer» eller observatørar.

Fylkesleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og konstituerte første del av dagsorden fram til Iver Kåre Mjelve vart valt til møteleiar, Åshild Sivertsen til årsmøtesekretær, og Sølvi Hagen som bisittar.

Anna Margrethe la fram årsmeldinga som fortel kva som har skjedd i fylkeslaget og kva styret har arbeidd med. Til vanleg fyl årsmeldinga årsmøteperioden, men koronapandemien gjorde at årsmøtet som var sett til 18. april måtte utsetjast. Årsmelding og revidert rekneskap måtte sendast Mental Helse sentralt innan 31.05., og difor vart det sett strek for årsmeldings ved den datoen. Ho trekte fram nokre område frå årsmeldinga, og la særleg vekt på at fylkesstyret har vedteke at pengegåva frå Optimar AS skal brukast til undervisningsprogrammet YAM for ungdom i alderen 14 – 16 år og til å stimulere lokallag til å delta på faglege kurs i fylket. Det er nedsett eit utval som har begynt arbeidet med å få undervisningsprogrammet YAM inn i alle ungdomsskulane i fylket.

Styremedlem Per Gimnes la fram rekneskapen og revisor si melding og gjorde greie for hovudtrekka i den. Rekneskapet syner tilfredsstillande økonomi og at drifta er innafor budsjettet. Han minte om at ein kan skrive til fylkesstyret/kontakte fylkeskontoret før årsmøtet dersom ein har spørsmål til rekneskapet som vert sendt alle lokallaga/lagt ut på nettsida minst to veker før årsmøtet.

Fast sak på dagsorden er eventuell fastsettelse av honorar/godtgjersle til styret. Det har ikkje vore gitt honorar til fylkesstyret tidlegare, og fylkesstyret rådde ikkje til innføring av honorar.

Anna Margrethe orienterte om forslaget til handlingsplan for neste periode. Mange av sakene går att år etter år, men Mental Helse løftar kvart år fram ei kampsak. I 2020 er det sjølvmordsførebygging. Då YAM styrkar ungdommen sin kunnskap om psykisk helse, og programmet har vist seg å redusere sjølvmordstankar og handlingar, har fylkesstyret innarbeidd det som hovudsak i vår handlingsplan.

Per la fram forslaget til budsjett, orienterte og svara på spørsmål.

Årsmøtet engasjerte seg i sakene med spørsmål, innlegg, debatt og forslag.

Som vanleg var siste post på dagsorden val. Leiar i valkomiteen, Ingrid Løset, la fram valkomiteen si innstilling til nytt styre og valkomite.

Det nye styret vart
Leiar Anna Margrethe Drægebø Moe, MH Stordal
Nestleiar Irene Sundholm, MH Sykkylven
Styremedlem Per Gimnes, MH Kristiansund
Styremedlem Oddrun Beyer Holm, MH Molde
Styremedlem Nils Inge Holm, MH Skodje/Ørskog

Varamedlemmer i rekkefølge: Charlotte Andreassen, MH Rauma, Borghild Reenskaug, MH Haram og Tonny Frøyen, MH Molde. Alle valde for 1 år.

Valkomite valt for 1 år: Marit Abelvik, MH Stordal (leiar), Synnøve Lange, MH Vestnes og Terje Mikkel Mundal, MH Sykkylven med varamedlemmer i rekkefølge: Liisa Karla, MH Ålesund og Ingeborg Steffensen, MH Skodje/Ørskog.

Ved årsmøtets slutt takka Anna Margrethe dei som gjekk ut av verva sine.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal