Ferie
6. jul 2020 Mental Helse Møre og Romsdal

God sommar til deg!

Fylkeskontoret er stengt i juli på grunn av ferieavvikling, og fylkesstyret har møtefri i juli. Etter ferien er kontoret ope att måndag 3. august.

Har du behov for å snakke med nokon, kan du ringe Hjelpetelefonen tlf. 116 123, Foreldresupport tlf. 116 123 (tast 2), Arbeidslivstelefonen tlf. 225 66 700 eller kontakte Nettenesta sidetmedord.no

Vi ønskjer deg ein fin sommar, rik på sol og varme. Bruk sommaren, nyt han og lad batteria. Hugs å ta vare på deg sjølv og dei rundt deg ved å fortsette med å følgje smittevernreglane du har innarbeidd. I august er vi i gang att og møtest til vidare godt samarbeid.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal