3. mar 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Leiarsamling med engasjement

Nesten alle lokallaga har halde årsmøte og dei nye styra er på plass. Såleis hadde vi leiarsamling 2. mars. Samlinga er fin arena for å utveksle idear, erfaringar og verte betre kjende med kvarandre.

Til leiarsamlinga vert primært leiaren og ein til frå styret i kvart lokallag kalla inn samlinga der det skjer formidling av erfaringar og innhenting av inspirasjon og kunnskap. Første posten på dagsorden er nytt frå lokallaga, der det viktigaste som har skjedd vert fortalt. Etter innspel frå kvart lokallaga vert det opna for spørsmål og kommentarar. Lokallagsrunden gjev betre kjennskap til kvarandre, og andre lokallag kan få nye tips til aktivitetar og drift. I debatten vart rapportering av aktivitetar som studiearbeid, rapportering av likepersonsarbeid, muligheiter for bl.a. å søke midlar frå Extrastiftelsen trekt fram som viktige inntektskjelder for lokallaga.

I november 2018 var det landsmøte som er det høgste styringsorganet i organisasjonen vår. Per orienterte frå landsmøtet. Nytt profilprogram skapte stor debatt og enda med at noverande logo og profil skal justerast. Medlemskapet i FFO var oppe til debatt, og det vart vedteke fortsatt medlemskap. Landsmøtet vedtok nokre endringar i vedtektene, samt retningslinjer. Alt dette finn ein i det nye heftet med vedtekter.

Neste post på dagsorden var fadderordninga, planlagde kurs/opplæring og velferdsmidlar som Anna Margrethe stod for. Formålet med fadderordninga er å styrke kontakta mellom lokallaga og fylkesstyret. Ho la fram oversyn over planlagde kurs/opplæring i fylkeslaget sin regi og frå sentralt hald i Mental Helse for 2019. Fylkeslaget søkjer velferdsmidlar til vidarefordeling til lokallaga etter søknad. Det er utarbeidd retningslinjer for tildelinga. Fylkeskontoret sender info med søknadsskjema til alle lokallaga.

Frode er medlem i prosjektgruppa som har arbeidd/arbeider med kompetansekartlegging. Han orienterte om arbeidet som er utført, og om resultatet av svara frå lokallaga. Vidare fortalde han om planen vidare for lage ein kompetansebase, der fylkeskontoret vil ha opplysningar om medlemmer med kompetanse til å kurse/halde foredrag om ulike tema.

Lysarka som vart brukt, vil verte sendt deltakande lokallag med det første som kan bruke dei i tilbakemeldinga til lokallaget sitt om leiarsamlinga.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal