16. feb 2020 Mental Helse Møre og Romsdal

MH Ålesund og MH Molde med stor auke i medlemstalet

To av lokallaga våre hadde fin auke i medlemstalet i 2019. Lokallaget i Molde fekk flest nye medlemmer, 16, som utgjer ein auke på 38 %. Ålesund sin vekst var på 82 % med 14 nye medlemmer.

Molde er det nest største lokallaget i fylket vårt og har nesten like mange medlemmer som Stordal; lokallaget som i fleire år har vore størst.
Vi gratulerer dei to lokallaga i Molde og Ålesund med veksten, og ønskjer alle lokallaga våre lukke til vidare med det viktige arbeidet dei gjer.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal