Tid for årsmøte i lokallaga
Januar/februar er ei ekstra hektisk tid for lokallaga med skriving av årsmelding, ferdigstilling av rekneskap, utarbeiding av forslag til handlingsplan og budsjett som skal behandlast i årsmøtet.
Følgjande lokallag har meldt inn årsmøta sine slik:
MH Volda/Ørsta 10. februar kl. 16:30
MH Stordal 12. februar kl. 18:00
MH Rauma 17. februar kl. 17:00
MH Ålesund 24. februar kl. 17:00
MH Giske 25. februar kl. 18:30
MH Molde 27. februar kl. 18:00
MH Sunndal 27. februar kl. 18:00
MH Sykkylven 29. februar kl. 15:00
MH Skodje/Ørskog 01. mars kl. 12:00
MH Haram 04. mars kl. 17:00
MH Vestnes 11. mars kl. 18:00
MH Stranda 22. mars
Som vanleg gler kvart lokallag sin fadder seg til å vere med på årsmøtet. Ein minner om at førebuinga av årsmøtet kan registrerast som kurs i KursAdmin (Studieplan id.nr 11171 Opplæring i årsmøteforberedelser).
Etter årsmøtet sender lokallaga til Mental Helse sentralt (post@mentalhelse.no) med kopi til fylkeslaget følgjande:
1. Signert årsrapport for lag.
2. Årsmeldinga signert av heile styret.
3. Årsrekneskap signert av heile styret med revisjonsberetning.
4. Årsmøteprotokoll signert av dei som vart valt til det i årsmøtet.
Mental Helse sentralt vil ordne med momskompensasjonen som vert utbetalt til lokallaga mot slutten av året. Fylkeslaget vil betale ut kontigentandelen til lokallaget innan utgangen av første halvår. NB! For å få momskompensasjonen utbetalt må lokallaget vere registrert i frivillighetsregisteret.
Vi ønskjer lokallaga lukke til med årsmøta og ser fram til vidare godt samarbeid.