Logo
23. des 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Tusen takk til Optimar for julegåva

Denne jula mottok Mental Helse Møre og Romsdal ei svært generøs julegåve frå bedrifta Optimar AS.

Fylkeslaget rettar stor takk for den storslåtte gåva til Optimar AS som er eitt av dei leiande innovasjonsselskapa i verda innan fagfeltet sitt. Det kan nemnast at hovedkontoret deira ligg på Sunnmøre. Selskapet har om lag 500 tilsette i Noreg, Spania, Romania og USA.

Vi i fylkeslaget arbeider med å styrke tilbodet innan psykisk helse i fylket vårt. Det kan m.a. skje gjennom politisk påvirkning og informasjon. Det er også viktig å ha gode brukarrepresentantar som kan påvirke tilboda innan psykisk helse både i kommunane og på fylkes- og regionnivå. Vidare jobbar vi med å styrke dei mange lokallaga vi har i fylket. I løpet av livet vil enten vi sjølv, nokon som står oss nær eller menneske vi veit om få psykiske helseutfordringar.

Lokallaga står for flotte møteplassar der dei fleste har aktivitetstilbod både innandørs og utandørs. Aktivitetane har stor spennvidde. Det kan vere frå godt samvær over ein kopp kaffi, hobbyarbeid, kurs og temakveldar til rusleturar og toppturar. Det å ha ein møteplass der ein kan treffe likesinna er svært verdifullt for mange.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal