Godt regionrådsmøte i dei fem nordlegaste fylka
Rådet består av leiarane og nestleiarane i fylkeslaga i helseregionane Nord og Midt-Noreg. Dersom nokon av dei faste får forfall, møter eit styremedlem. Møtet vart halde i månadsskiftet november/desember på Gardermoen.
Representantar frå Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal deltok såleis på møtet. Ei fin gruppe på ti deltakarar i tillegg til dei to organisasjonsrådgjevarane. Dagane gjekk med til informasjon, kursing og utveksling av idear og erfaringar. Det vart trekt fram utfordringar og diskutert, og vi fekk innblikk i kva dei andre fylkeslaga er opptekne av i arbeidet sitt. Elles er det kjekt å verte kjende med tillitsvalde i andre fylkeslag, slik at det er lettare å ta kontakt. Den nytilsette kommunikasjonssjefen, Kristin Bergersen, møtte og fortalde om arbeidet sitt og kva vi kan bruke henne til.
Det kan nemnast at i tillegg til vår region Midt/Nord, er det to regionar til i Mental Helse: Sør-Aust og Vest. Såleis er det er i alt tre regionråd.