Panelet
Siste delen av dagen var det paneldiskusjon der alle som hadde innlegg, deltok. Hans Petter Iversen leia diskusjonen.
13. nov 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Fagdag – Psykisk helse og rus

Kommunenetteverket psykisk helsearbeid – Romsdalskommunane, inviterte til fagdag på Høgskulen i Molde. Temaet var Recovery i pakkeforløpenes tid – Standardisering eller individuell tilpasning?

NAPHA ( Siri Bjaarstad og Arve Almvik) gjorde greie for faglege utviklingstrekk, om kva som skjer i norske kommunar i arbeidet innan psykisk helsearbeid og rus. I ein kort film fortalde sentrale fagpersonar i fleire kommunar kva dei har opplevd som viktig siste ti-åra. M.a. kom det fram at fagfolka har fått auka anerkjenning for jobben dei utfører. Fleire menneske får tilbod. Samarbeidet organisasjonane i mellom og med kommunen har vorte betre. Brukarane har vorte sjef i eige liv. Fokus er retta på det friske hos mennesket og ein bygger på det. Positivt med erfaringskonsulentar. Dagsenter har vorte til aktivitetssenter.

Neste del var om recovery i praksis. Recovery er ein filosofi og haldning om at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, sjølv om ein har rus- eller psykiske problem. Det handlar om meistring, verdigheit, deltaking og sjølvstende.

Audun Pedersen fortalde om recovery-college i Bergen; prinsippa og dei viktigaste kriteria for colleget, der kursa er recoveryorientert. 70 – 80 % av dei som har gått på recovery college kjem seg ut i jobb og frivillig arbeid. Ann Sissel Misund Nedberg og Wenche Moe fortalde om recoveryerfaringar i Molde kommune. Der er lagt vekt på kva som er viktig for brukaren, lite fokusert på diagnose og problem. For somme brukarar kan det vere viktigare å delta i ein aktivitet enn å gå til samtaler.

Pakkeforløpa for psykisk helse og rus vart sett ut i livet frå siste årskifte og utover. Professor Helge Ramsdal kom inn på at kommunane er ulikt organiserte, og det medfører at pakkeforløpet som både begynner og sluttar i kommunane, ikkje er standardiserte der. Elles nemnde han samhandlingsreformen og vanskane som kjem av mistilliten mellom kommunane og helseforetaka, samt kommunane som manglar midlar til gjennomføringa.

Rune Helland i Mental Helse sa at brukarorganisasjonane hadde skunda på pakkeforløpa. Ein vil ha meir recovery i pakkeforløpa og fokus på «livet der ute» – målet er at ein skal fungere i samfunnet. Koordinatoren i pakkeforløpa skal lose ein gjennom forløpet. Vidare må ein respektere relasjonskompetansen – dersom forholdet mellom brukar og behandlar ikkje fungerer, må ein få skifte behandlar. Elles må terskelen for å få behandling senkast, slik at den som er motivert for behandling må få det.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal