Kjøkkenpraten - godt likepersonsarbeid
I september og oktober vart det gjennomført to desentraliserte kurs i Kjøkkenpraten. Det første kurset var i Volda der Mental Helse Volda/Ørsta var kursvertar. Siste kurset var på Sunndalsøra med Mental Helse Sunndal som kursvertar.
Alle lokallaga i fylket vart invitert til å delta på kurset i Sørfylket eller Nordfylket, alt etter kva som høvde best for dei. Stig, Frode og Irene i Mental Helse Sykkylven var kurshaldarar i Volda. Dei to førstnemnde heldt også kurset på Sunndalsøra. Takk til lokallaga MH Volda/Ørsta og MH Sunndal fordi de la til rette med lokale og mat, og gjorde det triveleg for både kurshaldarane og deltakarane.
Kjøkkenpraten er eigenleg likepersonsarbeid der fleire kjem saman og deler erfaringar om eit tema gruppa vel sjølv. Dette skjer i trivelege former over ein matbit og noko å drikke til. Dei som går kurset, kan seinare gjennomføre Kjøkkenpraten i eige lokallag. Kvart kurs var på ti timar, og det var også lagt inn rapportering av likepersonsarbeid.