Verdensdagflagget
Der lokallaga på Sunnmøre hadde markeringane sine vaia Verdensdagflagget på flaggstonga.
3. nov 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Verdensdagflagg på Sunnmøre

På flaggstengene der lokallaga i Sykkylven, Ålesund, Giske, Skodje, Ørskog, Volda, Haram, Hareid, Stranda og Stordal markerte Verdensdagen for psykisk helse, vaia eit grønt flagg med den kvite verdensdaglogoen på.

Det var Mental Helse Sykkylven, Mental Helse Ålesund, Mental Helse Giske og Mental Helse Skodje/Ørskog som i samarbeid fekk laga flagget som kan kallast Verdensdagflagget. Sparebanken Møre var sponsor. Dei ovannemnde lokallaga gav flagg til alle dei andre lokallaga på Sunnmøre som også heiste flagget under sine markeringar av Verdensdagen. Verdensdagflagget fanga særleg merksemd om markeringa og det viktige arbeidet for å spreie kunnskap og større openheit om psykisk helse. Lokallaga vil bruke flagget når dei markerer Verdensdagen for psykisk helse komande år.

Verdensdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag som vert markert 10. oktober. I Norge vert dagen også markert i tida rundt den internasjonale dagen. Temaet i år var “Gi tid!” og handlar om korleis vi brukar tida vår.

Av dei mange flotte arrangementa i fylket vårt har ein bilde frå standa dei fire lokallaga som samarbeidet om Verdensdagflagget, hadde på Moa og i rådhuset i Ålesund. I tillegg til informasjon om Mental Helse sitt arbeid og aktivitetar, spanderte dei grønne fiskekaker på alle som var innom standen. (Foto: MH Sykkylven)

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal