Tvang
Tvang er viktig tema.
23. okt 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Samhandling om rett og redusert bruk av tvang

Både fagfolk og brukarrorganisasjonar var inviterte til fagdagen som vart halden i Pinsekirka på Moa. Om lag 150 deltok, av dei 13 frå Mental Helses fylkes- og lokallag.

I innlegga vart det mellom anna lagt vekt på at det er viktg å sjå heile mennesket – ikkje diagnosen, og det må leggjast til rette for brukarmedverknad i større grad. Vidare at det ein kan forutsjå kan førebyggjast – og gjere risikovurdering for å førebyggje. Det vart fortalt om voldsførebyggjande tiltak i ulike situasjonar og kor viktig det er å forstå bakgrunnen og motivasjonen for å utøve vold. I arbeidet må ein vere undrande og løysingsorientert. Vidare vart det sagt at tid er eit undervurdert hjelpemiddel. Miljøterapeutane er viktige i den samanhengen.

Recovery (eigeninnsats) er avhengig av støtte frå omgjevnadene. Det vart nemnt fem sentrale prosessar for å fremme personleg recovery: Håp (positiv tenkning) – Identitet (Mennesket er ikkje diagnose. Må komme over stigmatiseringa) – Samhøyrigheit (Relasjonar, støtte frå andre, ein del av samfunnet, likepersonsarbeid) – Meining i livet (Finne meininga om vonde erfaringar, sette sosiale mål, byggje livet) – Sjølvhevding (Kontrollere livet, ta eigne val, ta ansvar for eige liv). I kartlegginga av mål, skal ein spørje brukaren kva som er viktig for ho/han. Det kan vere at tilsette er skeptiske til vala, men det har gjeve gode resultat at brukaren har fått prøvd sine sette mål. Elles vart prosjekt omtala. Erfaringa syner at når prosjektperioden er slutt, er ein oftast tilbake der ein var då prosjektperioden begynte.

Mental Helse har fleire kjernesaker som vert jobba med. Men har valt å sette spesiell fokus på redusert og rett bruk av tvang innan psykisk helse i gjeldane handlingsplan. For å støtte opp om at lokallag skulle kunne sende medlemmer på fagdagen, betalte Mental Helse Møre og Romsdal eigendelen for to medlemmer frå kvart lokallag som deltok på konferansen.

For Mental Helse er det viktig å vere synleg og fortelje om organisasjonen og arbeidet som vert utført.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal