Styret
Sjølv om det var mykje vi skulle gå gjennom og diskutere, tok vi oss tid til fotografering. (Foto: Sølvi Hagen)
1. okt 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Styreseminar/Bli-kjent-møte

Vi var samla i Molde til styreseminar som også vert kalla «Bli-kjent-møte». Organisasjonsrådgjevar Sølvi Hagen var saman med oss dei to dagane, og temaene var strategiheftet og styret som team.

Eigenleg skulle vi ha seminaret tett etter årsmøtet i fylkeslaget, men av ulike grunnar vart det vanskeleg å få det til før no.

I fylkeslaget har vi utarbeidd eit strategihefte som i tillegg til Mental Helse sine vedtekne program og hefte er eit godt arbeidsredskap for fylkesstyret. Formålet med heftet er å ha eit godt arbeidsdokument for tillitsvalde og tilsette i Mental Helse Møre og Romsdal. Heftet omtalar oppgåver og ordningar som er vedtekne i fylkeslaget, og det vert revidert fortløpande. I tillegg har vi eit rullerande årshjul i det daglege arbeidet; det byggjer på strategiheftet. Strategiheftet og årshjulet bidreg m.a. til at vi utfører faste oppgåver til rett tid. Sølvi gjekk gjennom heftet saman med oss og vi hadde gode diskusjonar om temaene i det.

Innhaldet i heftet vårt er:
1. Innledning
2. Første fylkesstyremøtet etter årsmøtet
3. Faste saker på saklista til fylkesstyret
4. Deltakelse på eksterne kurs og konferanser
5. Rutiner vedrørende kurs i regi av fylkeslaget
6. Saker og innspill fra lokallagene
7. Etablering og styrking av lokallag
8. Økonomirutiner
9. Administrative rutiner
10. Årsmøtets delegatordning
11.Fadderordningen
12.Vedtatte mandater og retningslinjer
13.Oppdatering av strategiheftet for MH Møre og Romsdal
14.Vedlegg
15.Våre leveregler

Styra er samansett av ulike personlegheitstyper som kan brukast til å skape eit godt team i styrearbeidet. Dr. Belbin har utarbeidd skjema for kartlegging av teamrollar. Under Sølvi si leiing brukte vi kvar for oss skjemaene til å finne eigen skår i dei ulike rollane: Iverksetjar, koordinator, pådrivar, ideskapar, utforskar, analytikar, lagspelar og ferdigstillar. Kunnskapen om oss sjølv kan brukast i styrearbeidet og koplast til visdomsordet: Der vi har våre gaver, skal vi ha våre oppgaver!

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal