Viktig prosjekt om tvang
Førstelektor Liv Bachmann ved Høgskulen i Molde møtte på augustmøtet i fylkesstyret og orienterte om forskningsprosjektet ho er i gang med.
Liv har brei erfaring frå psykisk helse, både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, samt somatiske avdelingar. Ho orienterte om bakgrunnen for prosjektet der ho vil undersøke korleis sjukepleiarar og anna personell sine erfaringar og haldningar til å kartlegge og vurdere pasient si psykiske og fysiske helsetilstand er, når pasientane er underlagt tvangsmidlar.
Det kom fram at det er lite forskning på korleis helsepersonell observerer og vurderer pasienter når dei er underlagt tvangsmidlar. Ein rapport frå Helsedirektoratet viser til at kor mange tvangsvedtak som vert gjort pr år er upresise. Eit spørsmål er også kvifor dei med minst kompetanse vert sett til å ivareta pasientar under tvang. Mange som er underlagt tvang, kan få psykiske og fysiske skader, og feil bruk av tvangsmiddel aukar risikoen for skader. I sjukepleiarutdanninga vert det lagt vekt på observasjon og tidleg oppdagelse av somatisk forverring hos pasientane, men det er fråverande når det gjeld den psykiske helsetenesta.
Ho vil utvikle eit spørjeskjema for bruk i datainnsamlinga og planen er at det tre-årige prosjektet skal ha oppstart i januar. I arbeidet vil ho bruke ei styringsgruppe der ho ønskjer brukarrepresentantar frå Mental Helse. I år har Mental Helse spesiell fokus på Tvang og psykisk helse, og Liv sitt prosjekt vert vurdert som svært viktig også i den settinga. Fylkesstyret vil jobbe med å skaffe brukarrepresentantar til prosjektet.