Gi tid!
Det handlar om å vere tilstades med seg sjølv og andre.
2. jul 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Verdsdagmidlane er tildelt

I år var det var det 15 søknader frå fylket vårt til Verdensdagen om midlar til markering av Verdensdagen for psykisk helse. Temaet i år er Gi tid! og handlar om korleis vi brukar tida vår.

Det var like mange søknader som i 2017, men fem færre enn i fjor. Tildelte beløp var mellom 2.500 og 7.000 kroner til 13 av søkjarane. I fylket vårt vart det fordelt 45.000 kroner. Elles kan nemnast at seks av dei som fekk støtte, er lag av Mental Helse som åleine eller saman med andre skal markere Verdensdagen. I år var tildelingssystemet lagt om slik at søknadene frå heile landet vart behandla av dei same saksbehandlarane.

Mental Helse koordinerer arbeidet med Verdensdagen på vegne av Helsedirektoratet. Dagen skal auke kunnskapen og openheita om psykisk helse og fremje gode levevanar. Målet er å gjere det like lett å snakke om den psykiske helsa som den fysiske.

Vi minner arrangørane om å gjere markeringa synleg ved også å registrere den på Verdensdagen sin kalender på nettsida. Frå 1. august kan du bestille materiell.

Planlegginga av verdsdagmarkeringa kan registrerast som kurs, og lokallaget kan få dekt noko av utgiftene. Kurset heiter Opplæring i planlegging av Verdensdagen for psykisk helse og andre arrangement for organisasjonen med IDnr 11612. Ønskjer du hjelp til registreringa av kurset, kan du ta kontakt med fylkeslaget sin studieleiar Anna Margrethe Drægebø Moe tlf 911 900 94/92 63 99 16.

Vi ønskjer deg som arrangør lukke til med vidare planlegging og markeringa av Verdensdagen for psykisk helse.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal