Deltaking
Det svært gode frammøtet syner at brukarrepresentantane i fylket er interesserte i å styrke rollen sin gjennom auka kunnskap.
28. jun 2022 Mental Helse Møre og Romsdal

Lærerik erfarings- og rekrutteringssamling

Mental Helse Møre og Romsdal og FFO Møre og Romsdal inviterte brukarrepresentantar i alle organisasjonane i fylket og dei som vil verte det, til samling.

Allereie for eit par år tilbake var planlegginga i gang, men koronaåra førte til utsetting. Målet med samlinga er å styrke brukarrepresentantane i funksjonen sin og verve nye. Gledeleg var det at 43 deltok på samlinga 17. og 18. juni. Det vart formidla mykje god kunnskap/informasjon som er viktig for brukarrepresentantar å ta med seg i vervet sitt når dei skal tale brukarane si sak.

Admin. direktør Øystein Bakke, Helse Møre og Romsdal, fortalde at det er årlege omstillingskrav og utfordringar. Bl.a. nemnde han det pågåande arbeidet med felles pasientjournal for sjukehus og kommunar (Helseplattforma) som vil kjennast smertefull under innføringa. Han fekk innført “Stedlig ledelse av sjukehusa”, noko som vart teke godt imot og medførte auka lokal entusiasme. Digitale konsultasjonar sparer pasientar for lange og slitsomme reiser. Erfaringa syner mest digitale konsultasjonar innan kreft, deretter psykisk helse og rus. I oppbygginga av tilboda ved sjukehusa, vert det lagt vekt på at det det ofte er behov for, vert nært medan sjeldne behov vert lengre unna.

Helsefellesskapet – samarbeidet med kommunane – er viktig for å lukkast i møtet med behova. Dei fleste ønskjer å bu heime så lenge som mogeleg. Det krev fleire spesialisthelsetenester i heimane som kan løysast ved avstandsoppfølging ved hjelp av videokamera og digital oppfølging i somme høve (f.eks. pustestøtte heime). Bakke var innom utfordringane knytta til heimsending av ferdigbehandla pasientar, ventelistene i voksenpsykiatrien og særleg den lange ventelista i barnepsykiatrien. Fastlegeordninga er viktig, men somme kommunar er under press.

Ein av grunnane til at Helse Møre og Romsdal genererte overskott i covidtida var kompensasjonen for ekstrautgifter i samband med covid, og at det var generelt lite smittetrykk i fylket vårt. Overskottet vart brukt til auka satsning på medisinsk utstyr. Bakke nemnde også sjukehuset på Hjelset, der ein vil ha gradvis innflytting av avdelingane. Første avdeling som skal flytte inn, er psykiatrien i 2023. Elles er det ein del eldre bygningsmasse med behov for opprusting og utbetring. God bygningsmasse er viktig for kvalitet og brukar. Han nemnde at bytte av MR i Volda krev ein større bygning til ein kostnad på omlag 20 millionar. Rekruttering er viktig, og er lettare til større fagmiljø. Nemnast kan at St. Olavs også har rekrutteringsutfordringar.

Frå Klinikk for psykisk helse og rus møtte Anja Bjørkavåg og Ståle Hoff som fortalde at siste to åra var det auke på 14 % i konsultasjonane – 154.000 konsultasjonar i alt. Ein har fått auka midlar, men problemet er å skaffe fagfolk. Det er mangel på psykiatarar i landet vårt. Befolkningssamansetjinga må påvirke utforminga av tilboda framover. Såleis er det utarbeidd ein framskrivingsmodell om trendar fram til 2040 som omfattar behov, variasjonar, rekruttering, fagleg utvikling, kven som vert sjuke framover, og korleis ein skal møte dette ved bruk av konsultasjonar, FACT m.m.

Det skjer ei dreining frå døgnopphald til poliklinikk. Dei tok fram samarbeid om meir kompetansemiljø på tvers av BUP, TSB og PHU og større fleksibilitet for å få betre pasientflyt. Eit spørsmål er om ein skal ha same tilboda i heile fylket eller ein modell med delte seksjonar.

Øystein Svendsen frå Bruker- og pasientombudet fortalde at pasientombod har kontorstaden i Kristiansund. Ombodet er underlagt Helsedirektoratet, men er fagleg uavhengig og sjølvstendig. I tillegg til at ein som brukar/pasient kan ta opp saker, kan ombodet også ta opp saker på eige initiativ. Han orienterte om “generelle” rettar ein har: Rett til forsvarlege tenester. Frå 01.08. 2022 rett til koordinator og barnekoordinator. Tilbodet er ikkje forsvarleg dersom det ikkje er koordinert. Vidare kan nemnast brukaren/pasienten sin rett til informasjon og få svar på spørsmål, medvirkning/bestemme, å verte tatt på alvor og lytta til, å verte møtt med respekt, kopi av journal, vern mot spreiing av opplysningar og rett saksbehandling.

Prosjektkoordinator Toril Kvisvik saman med Lasse Alexander Olsen Honningsvåg, la mellom anna vekt på at det er viktig å jobbe betre tverrfagleg og ikkje skubbe oppgåva vidare på andre. Dei tok fram at det er mangel på tilbod om psykisk helseteneste for born og unge i mange kommunar. Det er viktig å tenkje stegvis over kva som er normalt og kva ein treng hjelp til fordi livet “går opp og ned”, og ta utgangspunkt i om situasjonen ein står i går ut over tilværet i kvardagen.

Ingrid Løset som bl.a. har erfaring som leiar for brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal, representerte FFO Møre og Romsdal. Brukarmedverknad er at pasient/brukar skal ha innverknad på beslutningsprosess og utforming av tenestetilbodet. Det kan skje på system-, teneste- og individnivå. Dette er ein demokratisk rett og handlar om å betre kvaliten i tenesteytinga. Bl.a. tok ho også fram at gjennom erfaringsutveksling kjem sakene syne. På systemnivå skjer arbeidet – påverknaden – i grupper. Det kan vere brukarutval, ungdomsråd eller ei gruppe med helsepersonell og/eller administrasjonen. Ho nemnde også fleire kjelder der brukarrepresentantar kan skaffe seg nyttig kunnskap til bruk i arbeidet sitt. Elles er det laga 10 bod for brukarrepresentantane som kan vere til hjelp.

Etter innlegga var det gruppearbeid med to oppgåver som vart lagt fram i plenum.

Mot slutten av andre dag delte Ingrid Løset (bl.a. vore leiar for brukarutvalet Helse M&R) og Øystein Edvardsen (bl.a. brukarrepresentant ved St. Olavs) av sine mangeårige erfaringar og refleksjonar med forsamlinga.

For å styrke nettverket for brukarrepresentantane vert det oppretta ei lukka facebookgruppe der brukarrepresentantar vil verte inviterte inn og kan diskutere og dele erfaringar med kvarandre. Elles er planen å invitere til oppfølgingskurs for dei som deltok på denne samlinga.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal