Alnes fyrstasjon
Innseglingsfyret vart bygt i 1853, og var stengt ei tid. I 1936 vart tårnet opna att med påbygt vinkeljerntårn.
4. jun 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Triveleg lokallagstreff på Alnes i Giske

Mental Helse Giske inviterte alle lokallaga til treff 1. juni på Alnes opplevelsesenter. Nesten 40 møttest i dei trivelege kafelokala med storslagen utsikt mot havet gjennom panoramavindauga.

Kvart år, tradisjonen tru i fylket vårt, inviterer eitt av lokallaga alle dei andre laga til såkalla lokallagstreff i kommunen sin. Treffa er svært populære. For lokallaga er det ein fin måte å komme saman på og verte meir kjende med kvarandre. Samstundes får vi meir kjennskap til nye område fylket vårt.

Alnes ligg på nordsida av Godøya – ei av dei fire øyene i Giske kommune. Med sin fastlandsforbindelse (undersjøtunnell) ligg Alnes fyr 20 minutt frå Ålesund. Opplevelsesenteret som har heilårsopen kafe, vart opna i 2016. Her er heimelaga kaker og tradisjonsmat, samt eit flott galleri for kunst. Kystverket har utstilling i kafeen.

Inge Westad tok oss med opp til fyret og fortalde om fyret og fyrstasjonen. Utan vern mot det opne havet i vest, er det ofte svært verhardt her. Men denne dagen ordna vertane, Mental Helse Giske, med finver.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal