Fordeling av fadder til lokallaga
Som vanleg har fylkesstyret fordelt faddrar til lokallaga i første møtet sitt etter årsmøtet. Formålet med ordninga er å styrke kontakta mellom lokallaga og fylkesstyret. Såleis er medlemmene i fylkesstyret fadder.
Det vert praktisert at nye styremedlemmer først får eitt års erfaring i fylkesstyret før dei får fadderoppgåve, men vi har også gitt dei eitt lokallag første året. I fordelinga vektlegg vi også reisetid og kostnad. Alle lokallaga får mail der det er opplyst kven som er fadder.
Formålet med fadderordninga er som sagt ovanfor å styrke kontakta mellom lokallaga og fylkesstyret. Gjennom året skal fadderen kontakte lokallaget sitt minst to gonger. Det vert gjort pr telefon. I tillegg skal fadderen møte på årsmøtet i sitt fadderlag. Skjer det at ein fadder ikkje kan møte, stiller ein annan fadder opp.
Nedanfor finn du fordelinga: