Alnes fyr- og opplevelsesenter
Her skal vi møtast.
2. apr 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Lokallagstreff på Alnes i Giske

I år inviterer Mental Helse Giske til lokallagstreff på Alnes opplevelsesenter laurdag 1. juni. Dei bestiller fint ver og gler seg til å møte mange lokallag.

Program:
Oppmøtet er mellom kl 13:00 – 13:30. Dei som vil, kan gå ein liten rusletur i den vakre naturen på Alnes før maten vert servert.

Kl 14:00 vert opplevelsesenteret sin fantastiske brennsnut med påfyll servert. Deretter kaffi. – Ver vennleg og meld frå om eventuelle allergiar når du melder deg på.

Etter maten vert det sosial omgang med «bli kjent»/diverse aktivitetar.

Bindande påmelding til Giske@mentalhelse.no eller mobil 464 33 131 innan 17. mai om kor mange som kjem frå ditt lokallag. Mental Helse Giske har sendt invitasjon på e-post til alle lokallaga.

Vi gler oss til å møtast på Alnes!

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal