Klar for å drive politisk påvirkning
I slutten av mars vart kurset «Politisk påvirkning» gjennomført i Molde med Espen Lahnstein som kurshaldar. Det var seksten deltakarar på kurset som gjekk over tre dagar.
Kurset omhandla mange tema som er viktig å ha i tankane når vi skal drive påvirkning av politikarar lokalt og på fylkesplan. I løpet av kursdagane fekk vi innføring og øving i strategiar for å drive godt og effektivt påvirkningsarbeid. Blant anna jobba gruppene med ulike case som grunnlag for å øve seg i å formidle saker på ein god måte. Dei vart også brukt då det vart trena i intervjuteknikk.
Når vi skal påvirke, er det greitt å bruke planleggingsmodell for å lage handlingsplan for saka vi vil ta opp. Der vert hovudmålet brote ned i delmål/handlingar. Menneska i ei arbeidsgruppe har ulike styrkar som kan nyttast på ein god måte til å utføre dei delmåla som passar deira styrke. Samtidig som oppgåvene vert fordelt på fleire brukar ein dei menneska som passar best til å utføre dei ulike handlingane/delmåla.
Vert vi interjuva av journalistar, kan vi be om å få lese gjennom artikkelen før den kjem i avisa, for å unngå eventuelle misforståelsar i intervjuet.
Kursdeltakarane fekk verkty og motivasjon til å ta fatt på arbeidet med å ta opp viktige saker for Mental Helse og påvirke tilbodet i kommunen/fylket.
Kurshaldaren, Espen, er spesialrådgjevar i politikk og vil bistå oss med råd og hjelp når det gjeld politisk påvirkning.