Regionrådet
Medlemmene arbeider i djup konsentrasjon.
20. apr 2021 Mental Helse Møre og Romsdal

Første regionrådsmøtet i år

Av kjende grunnar vart møtet halde på Teams, og det vart unnagjort på kort tid.

Regionrådet vårt er samansett av fylkeslaga i regionane Helse-Midt og Helse Nord. Det er fylkeslaga sine leiarar og nestleiarar i Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal som deltek. Med oss har vi dei to organisasjonsrådgjevarane i regionane som legg til rette for møta/er sekretærar.

Fast post på programmet er deling av erfaringar og gjeremål ein har hatt i dei ulike fylkesstyra sidan siste regionrådsmøte. Gjennom utvekslinga får vi nyttige tips som kan brukast i arbeidet i andre fylkesstyre også. Vi reknar med at mot slutten av året vil det verte meir kontroll over pandemien og planla neste regionrådsmøte som helgesamling i Stjørdal 29. – 31. oktober.

På desse møta er det vanleg og viktig å ha helsepolitiske tema, og ein inviterer såleis representant frå helseføretaket til komande møte. Ønskjeleg tema er brukarmedvirkning. Mental Helse har brukarrepresentantar i dei to helseregionane, og vi ønskjer at dei har innlegg om det dei arbeider med i sine respektive regionar. Elles er studiearbeid og likepersonsarbeid aktuelle tema. På møta brukar ein frå Mental Helse sin administrasjon å delta for informasjon og diskusjon.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal