Studiearbeidet
Det vert utført mykje godt studiearbeid i lokallaga våre og i fylkeslaget.
4. apr 2021 Mental Helse Møre og Romsdal

Studiearbeidet siste tiårsperioden

Mental Helse legg vekt på studiearbeid. I tillegg til at studiearbeidet gjev læring, er kjekt, sosialt og skaper nettverk, vert tillitsvalde tryggare i rolla si og organisasjonen vert driven meir effektivt.

I fleire år har Mental Helse stimulert opplæring i organisasjonsarbeid og brukermedvirkning ved å yte eit ekstra tilskott på kr 30 pr. time i tillegg til opplæringstilskottet (OT) frå Funkis som no er kr 130 pr. time. Tilretteleggingstilskottet (TRT) vert gitt for å gjere kursa tilgjengeleg for dei som treng tilrettelegging for å delta. Nemnast kan at Funkis har nytt kurssystem, FunkisKurs, som er enklare å bruke enn KursAdmin var. Endringar i Voksenopplæringslova medfører at minstetimetalet for dei fleste kursa er 4 timar og deltakartalet bør vere minst 4, men kan fråvikast i spesielle høve. Elles minner ein om at hobbyaktivitetar og folkehelsearbeid kan også registrerast som kurs. Det er mange studieplaner å lage kurs av.

Ved å registrere kurs får lokal- og fylkeslag tilført midlar som kan brukast til nye aktivitetar. Nedanfor er oversyn over midlane Møre og Romsdal sine lokallag og fylkeslag har fått tilført ved å registrere kurs. Diverre manglar ein samla oversyn over tilskott i åra 2010 – 2014.

År…..Tal kurs…Timetal…TRT…..Sum tilskott
2010……. 4………56
2011….. 21…….229
2012….. 36…….455
2013….. 73…….896
2014….. 51…….612
2015….. 64…….726…….16.000……68.936
2016….. 31…….318…….34.026……62.479
2017….. 39…….445…….40.200…….79.997
2018….. 33…….499…….41.085…….97.478
2019….. 28…….358…….26.682…….63.758
2020….. 33…….436…….15.163…….70.503

Vi ser fram til eit godt kursår i 2021.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal