Det siste og det første på 5. mars
For Anna Margrethe var dette leiarmøtet det siste medan det for Irene var det første.
På leiarmøtet deltok både fylkesleiarane og nestleiarane i fylkeslaga for første gong. Landsmøtet 2020 vedtok at også nestleiar skal delta. Det botnar i at når samanslåinga av fylke er gjennomført, vil vi ha elleve fylke med elleve fylkeslag i Mental Helse. Ved at nestleiar også deltek, vert det 22 deltakarar i staden for 11. Anna Margrethe som har vore fylkesleiar i overkant av meir enn to periodar stiller ikkje til val att. Sidan dette var første leiarmøtet etter endringa i vedtektene, deltok nestleiar Irene for første gong.
Ei av hovudsakene på leiarmøtet var «Den nye frivilligheten» med innlegg om trendane i frivillig arbeid. Det kan nemnast at færre nordmenn har medlemskap i to eller fleire organisasjonar. Andelen av befolkninga som er medlem i ein frivillig organisasjon har gått noko ned. Omfanget av frivillig arbeid har auka. Mange er ikkje medlem i organisasjonen dei utfører frivillig arbeid for. Det er lettare å rekruttere folk til frivillig arbeid enn som medlemmer og spesielt tillitsverv.
Med bakgrunn i denne tendensen hadde leiarmøtet gruppearbeid der vi diskuterte kva som er det unike ved organisasjonen vår, sjå i glasskula kva slags organisasjon Mental Helse er om 10 år og komme med ønske vedkomande opplæring, rettleiing og ivaretaking av brukarrepresentantar om 10 år. Resultata frå gruppearbeida vert oversendt til gruppa s leiarmøteom skal utforme ein organisasjonsstrategi for å ruste Mental Helse til å møte dei nye trendane på ein god måte. Jf. Mental Helse sin strategi 2020 – 2022.
Leiarmøtet vedtok også mandat og oppnemnde kandidatar til utvalet som skal evaluere organisasjonsendringa leiarmøte vs. landsstyre. Evalueringa skal leggast fram for leiarmøtet seinast våren 2022.
Seinare vert referatet frå leiarmøtet lagt ut av sentraladministrasjonen under leiarmøte på nettsida, og der kan du lese meir.