Styret 2023 er klar for nye oppgåver. Frå venstre: Birgitte, Marianne, Vibekke, Synnøve, Åshild og Ingeborg.
28. feb 2023 Mental Helse Vestnes

Årsmøtet 2023 er gjennomført

Siste februardagen vart årsmøtet halde kl. 18:00 på trivelege Myra gård med ni frammøtte.

Styreleiar Synnøve Lange ønskte medlemmene velkomne og spurde om det var merknad til innkalling og saksliste før ho gjekk vidare med konstitueringa. Anna Margrethe Drægebø Moe vart valt til møteleiar og Birgitte Hjelvik til sekretær. Møteleiar gjekk vidare med dagsorden, og Soley Sumarlidadottir og Inger Ann Birkelund var valt til protokollunderskrivarar.

Styreleiar la fram årsmeldinga og det vart opna for kommentarar, og årsmeldinga vart godkjent. Kasseraren orienterte om rekneskapen, og det vart opna for spørsmål før rekneskapen vart godkjent. Deretter var det fastsetting av handlingsplan, der det kom innspel, og forslaget til handlingsplan vart vedteken med endringa som framkom. Årsmøtet ga styret fullmakt til å utarbeide budsjett. Det var kome inn to forslag. Dei gjaldt bingoprisen og loddsal på medlemskveldane. Etter litt diskusjon vart begge forslaga vedtekne.

Styret har ikkje hatt honorar tidlegare år og foreslo at ein ikkje skulle ha honorar no heller. Årsmøtet slutta seg til det. Valnemnda la fram forslaget sitt og fekk årsmøtet si samrøystes støtte.

Det nye styret fekk slik samansetjing:
Synnøve Lange – leiar
Birgitte Hjelvik – sekretær
Marianne Bjermeland – kasserar – valt for to år
Ingeborg Vågen og Vibekke H. Tomren – styremedlemmer – valt for to år
Åshild M. Ødegård – styremedlem

Det vart valt delegatar med to varamedlemmer i rekkjefølgje til fylkesårsmøtet 22. april, samt revisor. Siste post val av valnemnd stod for tur, der det var attval. Etter årsmøtet var over, var det ei triveleg matøkt. Deretter la fylkesfadder Anna Margrethe fram fadderpresentasjonen og det var litt diskusjon.

Flere saker fra Mental Helse Vestnes