Det nye styret: Framme frå venstre: Åshild og Ingeborg. Bak frå venstre: Marianne, Synnøve, Birgitte og Vibekke.
9. mar 2022 Mental Helse Vestnes

Årsmøtet 2022 vel gjennomført

I år som i fjor vart årsmøtet halde i kantina på Myra. Det møtte ti medlemmer.

Styreleiar Synnøve ønskte velkommen og konstituerte møtet. Fylkesfadderen, Anna Margrethe, vart valt til møteleiar med Birgitte som årsmøtesekretær.

Etter fullføringa av konstitueringa stod årsmeldinga på sakslista. Styreleiar las årsmeldinga som fortalde at lokallaget hadde hatt både medlemskveldar, bingo, sommaravslutning og julebord i det siste corona-året. Deretter opna møteleiar for spørsmål. Årsmeldinga vart godkjent, og rekneskapet stod for tur. Styreleiar orienterte og opplyste samstundes at rekneskapet skal førast i eit felles rekneskapssystem kalla AlfaReg som Mental Helse brukar. Det vart opna for spørsmål til rekneskapet som deretter vart godkjent.

Styret sitt forslaget til handlingsplan vart gjennomgått. Etter diskusjonen vart det tilføya eit nytt punkt. Forslaget med det nye punktet vart vedteke. Etter sak om budsjett og innkomne saker, stod val for tur. Valkomiteen la fram forslaget sitt, og møteleiar gjennomførte valet.

Det nye styret fekk slik samansetjing:
Leiar: Synnøve Lange – valt for 2 år
Sekretær: Birgitte Gjelsten – valt for 2 år
Kasserar: Marianne Bjermeland – ikkje på val
Styremedlem: Vibekke H. Tomren – ikkje på val
Styremedlem: Åshild M. Ødegård – valt for 2 år

Det vart attval av valkomiteen:
Soley Sumarlidadottir og Gerd Jorunn Aure.

Årsmøtet vart avslutta med mat/kaffi og triveleg prateøkt.

Flere saker fra Mental Helse Vestnes