Hesteskokasting
Hesteskokasting
13. jul 2020 Mental Helse Sykkylven

Sommeravslutning

Då har vi fått gjennomført sommeravslutning til tross for COVID19, med all verdens smittevernregler og regnvær.

Vi inviterte til grilling på Haugneset, men flytta arrangementet til Gapahuken på Velle torsdag 9. juli då det vart for dårlege vermeldingar. Det var greit å ha ein plass med tak over og heldigvis fins det presenningar som gjorde plassen enda større for våre 23 påmeldte.
På menyen sto det grilling av pølser og hamburgere som våre eigne grillansvarlege tok seg av, så fekk servitørane ta over å levere ut maten med det tilbehøret vi ville ha. Det vart heldigvis ikkje så mykje restar igjen når alle hadde fått servert den maten dei ville ha.

Då vi hadde fått i oss maten passa vi på å få til ein liten konkurranse i hesteskokasting mellom regnbygene. Der slo Irene oss andre ned i støvlane, med Stig og Anne Turid på delt 2. plass. Sidan vi prøvar å fylgje nøkkelhullsmerking på maten, måtte vi og ha ein sunn premie, difor vart det ein paprikablomster og diplom til vinnaren i staden for sjokolade eller noko anna godteri.

Vi avslutta kvelden med loddsal, kaffe og kaker. Heldigvis var det opphald då vi skulle rydde saman alt og kome oss heim att, vi rakk det akkurat før det vart fredag.

Vi søkte og fekk innvilga søknaden om velferdsmidlar frå Mental Helse Møre og Romsdal og med loddsal så får vi fortsetje med tradisjonen om at overskuddet av sommeravslutningane vert gitt i gåve til Brukarorganisasjonane i Sykkylven. Dette var siste medlemsaktiviteten før ferien.

Ha ein fin sommerferie alle saman.

Flere saker fra Mental Helse Sykkylven